onsdag 7. mars 2018

Dikt til spelarane mine

Dvergen Kraugunn ralla i borga, Burga den umøye humra i skjegget, og lyste om dvergfrua nytt ut om egget (som Balan sin lærling i prestehabitt, den djerveste krigerska, hardfør, men litt svak for ein alv i fra skauen) ho mistenkte kjerringa bar på i korga.

Moran, han nekta kven enn som forspurte: Om det som blei sagt om den tussete mannen at han skulle vere ein stol for kvarannen var sanning? Når ribbein vart skoten i lungar og nasebein skingra og pungar fekk danning av halvtussen, hardt og brutalt, då angra dei på at dei lurte.

Avni med skjønaste dufta, han flagra og fluffa og dansa, han tralla på trollord, la beist nedi matjord, men var jo så ven og så veik og så spe at skulle dei fælsame ha han i kne så trongtest det berre ei vekje med kraft nok til å klemme ut ammemorsaft, så Avni blei svimen og snurra og svansa, og styrta i gjørma frå lufta.

Mia var ven, ho var spe, ho var lin, ho var skjøn, kvassaugd, men kanskje litt snar til å trekkje ut pila og leggje an skotet: Basketak er ikkje hindring for piler som skytes av alven, men etterpå bøy ho på lindring. Er rett ikkje sikkert at bota for brotet er nok for å hindra ein skotredd kar fra å freiste ein ravn til å høyra på budet si bøn.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.